Sylvkalk og Ljosestakar

Krine kyrkjeiubileet i Lyngen den 21.juni 1931.

Av Ingjald Leigland

På kontoret i Lyngen prestegård er det ein liten sylvkalk som er eit minne frå dette kapellet. Kalken har presten brukt i sognebod. Han har denne innskrifta: «Bekostet til Guds Ære af Kogfjordens Almue. Anno 1778». I Lyngen kyrkje står 2 små sylv-ljosestakar. Det er i den stunda dette vert skrive, ikkje avgjort um dei har høyrt til kapellet i Kåfjord, eller um dei er gjevne til Lyngen kyrkje.

To små ljosestakar av sylv. Dei står på altare og har tydeleg innskrift: «Nils Michelsen Pelleg. Anne Blix». Årstala derimot er utydelege. Det eine les eg for 1722 og det andre 1723. Anten må dessa stakane ha høyrt til kapellet i Kåfjord, eller det må vera fødselsåra til gjeverane som desse tala skal segja oss. Det siste er mest truleg. Dei to gjeverane er venteleg skyld til klokkaren Esaias Michelsen Pelleg.

Utgitt av Svein Arild Soleng

Født i Olderdalen i Kåfjord kommune. Bor i Tromsø. Gift med Leikny, far til to barn og bestefar til fem barnebarn. Har sterk interesse for lokalhistorie, idrett og friluftsliv, og er aktivt engasjert i arbeidet med å fremme kvensk språk og kultur. I 2025 ble jeg tildelt Kåfjord kommunes kulturpris.

Legg igjen en kommentar