
Av Nora Dølvik Soleng
Min bestefar Svein (Bap) Arild Soleng er sytti år, og kjem ifrå Olderdalen i Kåfjord. Han gjekk på Olderdalen barneskole, og flytta til Tromsø i tenåra. Da han pensjonera seg frå jobb, ville han besøke Kåfjord så ofte som mogeleg. Ein dag han vart på besøk i Kåfjord, gjekk han på tur i fjella, og oppdaga at alle de spektakulære turstiane frå barndommen var grodd igjen. Da skjønte han at noko måtte endras. Svein gjer alt han kan for å få folk vekk frå skjermane og ut i den fargerike naturen. I 2018 vann han Kåfjord kommunes frivillighetspris for arbeidet med nye skilt, benker og bygging av bruer langs dei nye turstiane.
Engasjementet min bestefar har vist for naturen er inspirerande, og hans innsats gjer at eg ynska å gjere det same som han. Arbeidet har gitt gode resultata som fleire turistar og minnerike opplevingar. I sommer skal eg og min familie bli med Svein til Kåfjord for å sjå på-og gå i-stiane han har laga. Vi gleda oss mykje til å sjå kva han har brukt fritida si på, og det som gjer han glad.
Ærede jury, det er med handa på hjartet eg seie at min bestefar har gjort seg verdig til Heidersprisen 2018. Han er eit forbilde som naturens hjelper, men ikkje minst eit forbilde som person også. Svein ser potensialet i ein bortgjømt sti, og forvandla den til en fantastisk reise. Alle kommunar skulle hatt ein eldsjel som min bestefar. For det er nettop det han er – ein eldsjel