
Spørsmålet om bøndene nord for Malangen ikkje kunne dyrke korn, og om dei vanta dei enkle reiskapane som skulle til, dukka og opp. Etter major Schnitler skulle ein nesten tru at dei ikkje forstod seg på korndyrking. Han seier i band II s. 411: «- men efter at en Deel Fremmede baade Sønden- og Østen-fra, særdeles fra omtalte Svenske Qvæneland ere hidkomne, og have dyrket Jorden med Ager-Brug, have Indbyggerne taget derefter og saaer nu næsten hver mand, naar Ġud giver gode åringer, deres Jord.» Dette kan kanskje stemme når det gjeld Lyngen og nordfylket, der det var eit sterkt tilsig av folk frå t. d. Torneå-traktene, som hadde korndyrkinga i blodet. Men det høver absolutt ikkje på strøket langs med landet på nordre sida av Malangen. Til siget av bumenn austfrå var så lite i dette området at det ni kan ikkje ha spela noka rolle.