Per Henning Olderdal
Inntil døden skiljar dykk åt..
«Likeså spør eg deg Elin».. stemmen til presten hadde syntes å kome frå ein annan stad. Det snev av uvisse som stundom hadde naga ho ,hadde vore der att. Å Gud, ikkje no,berre ikkje no, hadde ho tenkt. «Vil du ha Ismael Demirsar som hjå deg står,til din ektemann?». Jo,hadde ho svara,klårt og høgt. Men uvissa hadde ikkje heilt sluppe taket i henne, så ho hadde ikkje heilt fått med seg dei neste orda til presten, innan ho brått hadde komme tilbake til røyndomen og fått med seg dei siste orda, det ubrigdelege:» I gode og onde dagar inntil døden skiljar dykk åt?». Tvilen som stundom hadde kome over ho hadde vore borte, og ho hadde ikkje freista å stoppe det då ein tåre trilla nedetter kinnet i spora frå den forrige. Berre ei ubeskriveleg kjennsle av lukke hadde gjennomstrøymd ho.»jo», hadde det kome frå ho, meir lågmælt denne gongen, medan ho gjennom sitt mest strålande smil hadde møtt blikket til Ismael. Så, utanfor kyrkja, hadde ho med eitt skjøna at det mest bare var kameratane til Ismael som sto der. Kor hadde alle vennina hennar vorte av? Ho kunne ikkje heilt minnast kva tid dei hadde byrja å vende ho ryggen. Kva tid dei ikkje lenger hadde tid til å gjera nokon ting i lag med ho, om ho hadde ringt og spurt dei om det. Ho kunne berre minnast at slik hadde det meir og meir vorte. Jo, ho skjøna nok kva dei hadde meint. Det at ho hadde svikta dei då ho byrja vere i lag med Ismael. Men skjøna dei verkeleg ikkje at kjærleik ikkje kjende til ordet landegrenser, eller skilnaden på religionane? For at det hadde vore ekte kjærleik frå hennar side den gongen, det sto klårt nok for ho. Den gongen! Elin Riseth sette seg opp på brisken. Fru Elin Demirsar, tanken streifa ho ondt og kaldt, liksom. Men ho fortrengde dei onde tankane, ville ikkje vite meir av den tida. Ho stirde på veggane ikring seg. Kalka murveggar og ei solid dør var alt ho kunne sjå i det dimma ljoset. òg gitteret bak ho! Ho nekta å sjå den vegen.
Lagnaden var underleg,tenkte ho. Så uverkeleg. Tenk at ho no var i den søraustlege delen av Svartehavet, i Georgia! Og den vesle byen der ho satt fengsla heitte Batumi. Fengsla! Som ein annan kriminell. Eit påtvunget, mest hysterisk smil for over anledet hennar, men stivna snøgt. Ho la seg ned på brisken at. Og nok ein gong strøymde minnene på, då ho let att augo for å sleppe unna synet av den vesle cella, der ho tykte at det var kvelande varmt om dagen, medan natta med si klamme råme gjorde at ho mest fraus, enda det var høgsumar. I tankane var ho heime i Noreg nok ein gong, i den vesle heimbyen sin, og no kunne ho så tydeleg sjå føre seg byrjinga til elendet.
Det hadde vore ein regntung laurdagskveld: Ho satt saman med Berit og Ann på diskoteket «Den blå lanterne» . Ho hadde vore i eit strålande humør etter å ha drukke nokre glas øl, og fordi ho lika musikken som strøymde ut frå dei skjulte høgtalarane. Med ett hadde han berre stått der foran bordet deira, smilande og sjølvsiker hadde han sett på henne. Berre på henne, ikkje på Berit eller Ann! – Du danse met mei, hadde det kome frå han på eit ubehjelpeleg norsk. Ho tykte med ein gong at an såg riktig staseleg ut. Mørk, pen, og med dei nydelegste augo som tindrande tok ho i augesyn. Ho hadde ikkje nølt i mange sekunda innan det litt sjenert hadde kome i frå ho eit -jo, kvifor ikje? Han hadde vorte sitjande der i lag med dei tre vennina mest heile kvelden. Innimellom hadde ho dansa med han. Berre ho, ikkje Ann eller Berit. Han hadde fortalt at han var frå ein liten by i det nord austlegaste Tyrkia. Artvin heitte byen som låg berre nokre mil frå svartehavskysten, og nokre mil frå Georgia, som ein gong for lenge siden hadde vore ein Sovjet stat. Mon det ikkje var allereie frå den kvelden at Berit og Ann hadde byrja å ta avstand frå ho? I alle fall hadde både den eine og den andre åtvara ho, sagt at dette ikkje kunne føre til noko godt, då ho hadde byrja å vera fast saman med Ismael, som han heitte. I dag kunne ho lett nok sjå kva for ein toskeskap det hadde vore, det å verte fast saman med ein tyrkar. Men ikkje den gongen då ho sveva ikring, stormande forelska som ein storglad styrlaus femtenåring! Ho fylde tjuetre i førdags. Ei lukkelig tid hadde det vore! Så då Ismael fridde var ho ikkje mykje i tvil, men svara jo sjøl om dei berre hadde vore to månader i lag. Etter det syntes det som om tinga hadde utvikla seg vel snøggt. «Til døden skiljar dykk åt»! No hata ho dei orda!
Bryllaupet hadde vore i juni, og ein månad seinare hadde dei reist på ferie til Tyrkia. For, som Ismael prata om, at ho skulle bli kjent med familien hans. Elin reiste seg opp, gjekk nokre gongar att og fram på det vesle området ho hadde til disposisjon. Seks små kvadratmeter, hadde ho rekna ut. Men snart lå ho på brisken att, og tenkte nok ein gong attende . No gjenopplevde ho alt som om det skulle ha skjedd nett no: Allereie på flyet til Ankara merka ho endringa hjå Ismael. Til no hadde ho berre opplevd han som ein snill og omgjengeleg kar. Ein kjenslevar godleik hadde han alltid synt ho. Men som flyturen svann, skifta òg Ismael personlegdom. Det kunne ho tydeleg fornemme. Han hadde vorte fåmælt og sur, mest tverr og bitande i dei orda han nytta, om ho spurte om nokon ting. I Ankara bytta dei fly, og dro vidare til byen Erzurum. Så tok dei ein skranglande buss til heimplassen hans i utkanta av Artvin. Mest tjue mil på ein veg som minte ho mykje om ein norsk skogsveg. Frå fyrste stunda så ho det eine etter det andre som ho ikkje var heilt førebudd på. Med kort veg att til Artvin fekk ho sjå dei første tilfella av tyrkisk likestilling: Halvgamle menn ridande på eit esel, medan kvinna deira gjekk ved siden av, gjerne med ei stor bør på ryggen og. Då bussen stogga utafor den Demisarske residens, som besto av tre- fire småfalne kvite hus laga av ei blanding av stein,kalk og leire, sto heile slekta hans ventande der. Visst hadde dei vore vennleg nok den fyrste kvelden, og ho følte seg som i ei eksotisk middelaldersk stemning den kvelden. Det vart gjort stor stas på den heimkomne guten deira. Ein skikkeleg familiefest hadde dei førebudd. Ute i hagen, imellom palmar,syrinebuskar og andre vekstar ho ikkje attkjende, sto langbord dekt med for ho ukjende rettar i hopetall. Og ho stifta bekjentskap med ein gamal tyrkisk tradisjon, der dei stekte ein heil lammeskrott i ein mursteinsomn bygd ned i jorda. Dei kalla denne «konya» retten for tandir kebabi, og den vert servert saman med mengder av eksotiske grønsaker og krydder. Særleg mannfolka tok òg godt for seg av nasjonaldrykken deira: raki, ein sterk anissmakande brennevinssort. Utover kvelden vart ho litt kjend med den store flokken med nære familiemedlemmar, sjølv om ho konsentrerte seg meir om å hugse namna på dei aller næraste slektningane. Mora, Mirias og faren Rasit visste ho om på førehand. Så var det brørne Kemal og Talat og søstera Gulbahar. Men det var òg ei anna ung, vakker kvinne som gledesstrålande hadde falt Ismael om halsen og kyssa han ømt og lenge. Elin gjekk utifrå at det var ei anna søster av han. Roxalana heitte ho. Visst merka Elin utover kvelden korleis Roxalana i løyndom stirra på ho, vurderande, liksom. Det blei fort mange ting å undra seg over. Brørne åt Ismael hadde bore bagasjen hennar inn i det minste av dei kvite husa, medan dei freista å forklara ho at det var der ho skulle bu. Underleg alt saman. Ismael var heile tida oppteken med å prate med alle andre enn henne. Som kvelden svann, og mannfolka blei meir høgrøsta, undra ho seg over at dei drakk i det heile tatt. Islamsk lov ga dei vel ikkje rom for det? Men ho hadde nok skjøna at so mykje at spesielt på landsbygda tolka dei lova mest som det passa dei. Ho kjende seg mer enn ensam. Hennar fyrste kveld i Tyrkia, og så håplaust aleine. Det var ikkje akkurat dette ho hadde venta seg, tenkte ho der ho låg åleine i senga si den natta og gråtkjøvd undra seg over kor Isael hadde vorte av. Men inne i byen strøymde den ævelege, monotone middelalderske musikken ut i mørkret og nådde øyro hennar der ho låg og ikkje fekk sove, So full av merkelege inntrykk og ubesvara spørsmål som ho var. Solraudninga hadde so smått teke til då ho endeleg glei inn i den mjuke, kjærkomne svevnens famntak.
Klokka ti neste morgon vakna Elin av at Roxalana sto inne i rommet hennar. «cay», sa Roxalana, og satte eit stort krus på bordet. Elin sto opp, men visste ikkje kva ho skulle seie. Ho rekna med at dei ikkje ville forstå kvarandre,uansett. Ho smaka på innholdet i kruset, og fann ut at det var te. Roxalana satt på ein stol og berre så på Elin. Ho verka å vere så trist,mest hjelpslaus der ho satt og tvinna fingrane sine. Brått reiste ho seg og gjekk. Utover heile denne fyrste dagen gjekk Elin ikring blant dei få husa i grannelaget, og ho merka seg kor smålåtne krav folk hadde i sitt eige tilvære. Det syntes godt at dei alle var fattige. Alle kvinnfolka gjekk kledde i utslitte fotside kjolar, og rundt hovudet bar dei fleste eit tørkle som dekka alt så nær som anledet. Men slør bar dei ikkje. Overalt møtte ho ein mur av togn. Ingen ville snakka med ho. Ho gjekk òg inn i huset til foreldra, berre for å få vete at Ismael hadde fore inn til byen. Elin så ikje noko til Ismael den dagen. Men neste morgen då ho vakna sto han der og stirra på ho. -Har du sovet godt?kom det stilt frå han. «Jo»,svara ho,-men kor har du vore heile tida? Blikket hjå Ismael flakka litt ikring, ubesluttsamt, så så han ho rett inn i augo. Noko hardt, nesten umenneskeleg syntes å brenne i augo hans då han svara: – Elin, det er ein ting du lyt få vete,her og no. – Du er berre min kuma! -Og kva er så det for noko?, kom det undrande frå Elin. – Det betyr Elin, svara Ismael, at i Noreg så følgde eg alle skikkane dykkar. Eg føydde meg i eit og alt, og gjorde alt slik som du ville ha det! Han heva røysta ei aning: -Så no,so vi er i Tyrkia,har du med å følgje våre skikkar! -Ein kuma er ei hustru nummer to! –Eg er gift med Roxalana òg ! Elin kjende ein brennande svimring i seg. heile hennar tilvære vart beint fram knust av dei orda hans. Ho fornemma dei enda ljomande inni hovudet sitt, men kunne ikkje heilt fatte det. Hjernen nekta liksom å take i mot eit slikt bodskap. -Kva er det du seier? spurde ho. Det kan du ikkje meine!. – Jo,det meinar eg,svara Ismael, og brått reiste han seg opp. Så sto han truande over henne:- Og hugs på ein ting til, at her er det mannen som har alt å seie, og du har berre med å adlyde meg! -Forresten, di tøyte, du innbilte deg vel ikkje på alvor at eg elska deg? Her i Tyrkia er ei jente rein og urørt, med dyden si i behald når ho giftar seg! – Men du, kor mange menn hadde du logge med innan du trefte meg? Og han fortsatte: – Nei,veit du kva, du var ikkje noko meir for meg enn ein inngangsbilett for å kunne bli verande i Noreg! Døra smalt hardt i etter han. Elin låg berre der og stirde tomt ut i lufta, ho følte seg heilt tom. All kjensle for Ismael var borte! Kolna av på sekundet. Og eit gryande hat sveva inn i henne, trua etterkvart med å kvele henne, då ho skjøna alvoret i alt.Ei ubeskriveleg vonbrot tok etterkvart over. Ho hadde gjort ein lagnadtung feil, og rekkevidda av det ante ho ingenting om.
Sola sto langt mot vest då ho endeleg sto opp. Heile dagen hadde ho berre lagt der og tenkt over alt saman. Om ho berre hadde vore vettug nok til å høyre på dei der heime,den gongen,for det gjennom ho. Men som sanninga hadde fått skikkeleg feste i ho, hadde ho òg tatt ei endeleg avgjerd, ho skulle late som ingenting, og så bruke fyrste høvet til å kome seg vekk derifrå. Vonleg vart det ikkje så lenge til det. Og dagane gjekk. Ho dreiv mest gjerandslaus ikring. Enno kunne ho ikkje heilt fatte det. Etter som ho visste det så hadde Tyrkia ved lovfesting gjort det forbode, og slik gjort det umogeleg å begå polygami i landet allereie i 1926, tre år etter at dei hadde vorte republikk. Men om enn på slik ein audmjukande måte, so hadde ho gjennom si eiga einfelde fått sjå at det var stor skilnad på liv og lære. Ismael skjøna nok kva ho tenkte på, i alle fall hadde han teke passet frå henne. Til byen fekk ho ikkje lov å gå. Og dagar vart til veker, medan Ismael for det meste holdt seg unna ho. Men seint ein kveld kom han smilande inn til ho, etter at ho hadde lagt seg. Smiskande byrja han å kjæle med henne. Ho stivna til spent og redd. Men ho var førebudd på alt, så ho låg berre i ro utan å yta nokon form for motstand. Å,for det gjennom ho, kor eg hatar deg! I din eigen kjæte kjem du til meg, ellers ikkje!
Neste dag skulle Ismael til ein annan by lenger borte, og då fekk ho endeleg den sjansen ho hadde venta på. Snøgt pakka ho ein liten bag med de nødvendigaste tingane sine, så kraup ho ut or vindauget og småsprang over eit jorde. Ho gjekk etter landevegen i motsatt retning av den som byen låg i. Slik gjekk og sprang ho nokre kilometar. Inni seg var ho heilt hugbroten, men enno var det plass til ein ubeskriveleg otte. «enn om dei har oppdaga at eg er borte», sa ho høgt til seg sjølv, og snubla vidare.
Ein gamal skranglande lastebil kom køyrande. Fordi ho ikkje kunne gjere noko anna, haika ho. Bilen stogga. Det hadde nok vore språkkomplikasjonar, men ho forsto at mannen som heitte Metin skulle over grensa til Georgia, der skulle han hente eit lass med fisk. Då brast ho i gråt,og stotrande og gråtkjøvd freista ho å forklara Metin at han måtte ta ho med seg over grensa. Han stogga bilen. Så satt han der og tenkte ei stund att og fram,tydelegvis. Til sist hadde han bestemt seg, og smilande køyrde han vidare. Rett føre grensa stogga han bilen att og ga teikn til Elin at ho skulle bli med han ut. Ei otte for gjennom ho, men det visa seg å vera ei grunnlaus age. Han fekk ho opp på lasteplanet,og gøymde ho under nokre stinkande presseningar, ein røyndom ho ikkje kunne ha drøymd om for berre nokre månader siden.
Elin sto og keik ut or det vesle cellevindauget. For to dagar sidan hadde dei kryssa grensa. Det hadde føregått utan komplikasjonar. Grensevakta berre vinka dei vidare. Dei kjende att Metin og visste at han ofte henta fisk i Batumi. Ho hadde ikkje hatt noko val, så derfor gjekk ho inn på den vesle politistasjonen i Batumi. Etter mange timar hadde det endeleg kome ein kar som kunne litt engelsk. Ho fortalde dei om det meste av det som hadde hendt, og dei lova å kontakte det norske konsulatet i Tbilisi,som lå ein tjue- tredve mils veg unna.
No høyrdes tramping ute i korridoren,og ein nøkkel vart stukken inn i dørlåsen. Dei knirkande hengslane på døra fortalde h at nokon kom inn. Elin snudde seg langsomt rundt, og kunne sjå inn i dei blå augo ljå ein ljos mann som ho ikkje eit einaste sekund var i tvil om var norsk! Resten gjekk greitt og snøgt unna. Visekonsul Bergersen sette seg raskt inn i hennar situasjon, og to timar seinare satt ho sliten og tom invendig i bilen til visekonsulen. So trøytt,so trøytt! Augo hennar nekta plent å vera opne meire, no som ho kjende tryggleiken sige inn over seg. Like før ho sovna streifa tanken ho igjen: «Til døden skiljar dykk åt»! Men ho vørde det ikkje, ikkje no meire! Og snart viska svevnen ut alle sjelelege smerter og kval, medan bilen snøgt nærma seg Tbilisi….