Hjembygd

Av alle bygdene i nord,                                                                                                                      så er du bygda mi.                                                                                                                          Her er min heim på denne jord,                                                                                                             her er mitt fjell, her er min fjord,                                                                                                         her er min dal, min li.

Her lever kvar en stein eg finn,
og andar gjer alt land.
I stille vær, i storm og vind,
det tonar til meg frå kvar ein tind,
og treet tala kan.

Kvar bekk er meg ein kjenning god,
kvart berg ein ven er blitt.
Her har eg trødd min barnesko
på sti langs strand, på myr og mo,
på høge fjellet titt.

Her har eg sett at fram det bar
frå naud og ringe kår.
No er det veg og eng og gard
der myrer låg, der steinrøys var,
der krattskog spratt kvar vår.

Ja, her kor toppar reiser seg
og jøklar skin i blått,
eg fekk den heim som hugar meg,
den stad som lokkar og som dreg,
han har mitt hjarta fått.

Her vil eg streva all mi tid
i mold, i mark og skog,
i fiskarbåt på fjorden vid,
i fjøs og stall, i stova mi,
på voll bak hest og plog.
                  Aksel Berg                                                                                      

Utgitt av Svein Arild Soleng

Født i Olderdalen i Kåfjord kommune. Bor i Tromsø. Gift med Leikny, far til to barn og bestefar til fem barnebarn. Har sterk interesse for lokalhistorie, idrett og friluftsliv, og er aktivt engasjert i arbeidet med å fremme kvensk språk og kultur. I 2025 ble jeg tildelt Kåfjord kommunes kulturpris.

Legg igjen en kommentar